mandag, januar 31

Pause i lykkjene

Eg skulle eigentleg vere flink å oppdatere - og vere flink til å vise ulike typar handarbeid. Men - eg har ein ufrivillig pause i produseringa mi. Eg kjem snart attende, det veit eg. Eg kjennar det på meg. Det kriblar litt i fingrane, og det er eit godt teikn!

Eg gler meg til eg får tid og lyst til å lage meir lykkjekjærleik. For det har eg eigentleg, eg berre trong ein pause. Ein pause frå handarbeid og frå lesing av ikkje-fagleg litteratur. Men ingen pause frå draumar og planar. Dei er det mange av - lista byrjar å verte lang - både når det gjeld bøker og trådar.

Det er tungt å skrive masteroppgåve. Det er den beste forklaringa eg kan gje dykk... :-)

Klem, Irenemor

1 kommentar:

Anonym sa...

Jeg vet, åh, jeg vet, og jeg kjenner godt til kriblingen i fingrene.

Men jeg kan love deg at det er veldig godt å komme ut "på andre siden", og jeg tviler ikke et sekund på at du kommer dit.