torsdag, desember 2

BONDEJENTE

Når ei lita jente vert fødd inn i to bondeslekter, må ho jo ha arbeidskleda klare :-) Eg sydde ein liten "Felleskjøpet-dress" til ho, i str. 56, så ho tidleg kunne vere aktiv på gårdane til bestefedrane sine. Eg trur dressen fall i smak - både hjå foreldra og besteforeldra til den lille prinsessa :-) (Så no er det opp til dei å ta ansvar for å gjere ho til ei verkeleg gardsjente!)

Eg har rett og slett tigga ein caps hjå FK-butikken, spretta av logoen og sydd han på ein kjøpt body i riktig farge. Eg veit, det ville vore meir imponerande å sy bodyen sjølv, men sånn vart det ikkje. 
Eg skal nok ikkje masseprodusere denne dressen, så eg trur ikkje FK-butikken vil melde meg for å stele frå dei. Kanskje dei burde følgje ideen min og lage barneklede med logo på, dei òg? Ein skal tidleg krøkast... 

Eg har forresten copyright på bileta mine, så ikkje stel dei utan å spørje.

2 kommentarer:

Maj-Lis sa...

Hei! Du har i alle fall kommet på FKs facebook-side - det er jo artig :-) Fin trøye, artig påfunn :-) Maj-Lis

Kamilla sa...

Herlig! :)