Ho vakre Hannababy ga meg eit dytt. Kan hende det er på tide å oppdatere litt her inne. Ein kan vel seie at eg med vilje har venta ei stund med å gjere det. Det har hendt så mykje nytt, så mange omstillingar, så mykje å gjere. Me har flytta. Og eg måtte ha tid til å kjenne på korleis det er å verkeleg bu i hovudstaden - sånn på ordentleg. Trur det er fyrst i dag at eg kan seie noko lurt om det.
I dag har eg vore i Kristiansand att. La meg seie det rett ut: Eg saknar ikkje Kristiansand over hovudet. Og då må ingen tru at eg med det ikkje saknar dei vakre venane mine der. For det gjer eg, i aller høgste grad! (Det var særs godt å treffe nokon av dei att i går og i dag!) Men sjølve byen (som er utroleg liten) og det å bu i han, det saknar eg ikkje. Ingen vonde kjenslar, ikkje noko ynskje om å bu der no. Men så kan eg vere glad for at eg kjem til å ha ei lita tilknytting til byen - gjennom studiane - i 1,5 år til. Og då ser eg venane mine att no og då.
I Oslo er livet vakkert. Slitsomt, ja. Mykje å ordne, pakke ut, sortere, kaste (!), male, flytte, flytte attende og slike ting. Men no byrjar det å verte bra! (Berre kom på vitjing!) Eg likar husværet vårt betre og betre for kvar dag som går. Og når eg ikkje trur det er mogleg å like det betre, då gjer eg det neste dag allikevel. Romma vert større og større for kvar kasse som forsvinn. La meg berre seie at 78 kvadrat er meir kjærleik enn 30 kvadrat!
Ein ny epoke, på sett og vis. Utfordringar på rekkje og rad. Sjølvdisiplin. Masteroppgåve. Husmortilverelse. Vere liten i ei stor verd (og kjenne det på kroppen kvar dag eg skal prøve å finne fram åleine...) Ja, for det er og ein skilnad frå Kristiansand. Kristiansand er så underleg liten, det såg eg i går. Det tek ikkje mange minutt før ein har gått gjennom heile byen og er i den "bydelen" kor ho vakre Kamomilla bur. Og eg som tidlegare trudde at Kristiansand var ein storby... *smile*
Alle tider og stader har sin sjarm. Det er spennande å oppleve noko nytt (og stort). Og eg vil lere eitt og anna av å bu i Noregs største by, ingen tvil om det. I dag har eg mellom anna lært at det er internett på bussen mellom Kristiansand og Oslo (og at eg treng større batteri til dataen), så då går reisen fortare. Om mindre enn ein time er eg heime i Oslo att, og då skal eg på min fyrste korøvelse. Oslo er kjærleik. Eg har fred i hjartet og eit smil om munnen. Eg har det godt!
(Dykk får bere over med ein og anna nynorskfeil...Hadde ikkje bry til å slå dei opp på ordbok på nett, sidan internett ikkje er så utroleg stabilt her...)
2 kommentarer:
Så koselig med en oppdatering og så godt å høre at du trives som Osloinnbygger. Jeg GLEDER meg til å utforske hovedstaden sammen med deg! :)
Glad i deg!
Oslo er fin, men Kristiansand er ikke så verst for øyeblikket heller;)
Og du er søt!
Legg inn en kommentar