Vi held framleis på å pusse opp husværet vårt. Eg er meir eller mindre berre opptatt av å gjere meg ferdig med grunnarbeitet, så eg kan byrje med å pynte og hengje opp bilete og kjøpe vakre blomar (og utvikle grønne fingre...) Eg les interiørblad med stor iver - og elskar ROM123. Biletet her er hentet derifrå - og er noko av det mest kreative eg har sett i det seinaste. Trur diverre ikkje eg kan gjere slik i ganga her, men eg må finne på noko anna kreativt.
Håpar eg snart får tatt bilete av det fine husværet vårt - og ikkje minst håpar eg vi snart vert ferdige med maling, sparkling, pussing, pynting...
Eg elskar kvart rom her - meir og meir! (Og takkar i same slengen alle gode hjelparar - særskilt Pappa'n min!)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar