fredag, september 24

Gåver til ei lita gladjente

I april 2009 vart ei søt, lita jente fødd. Ho er datter til nokre gode vener av mannen min og meg. Sjølvsagt fortente ho heimelaga gåver! Ü

Eg strikka ein liten kjole, etter eit mønster eg henta her!

Det er ein enkel kjole, der bryststykket er strikka i perlestrikk. Perlestrikk gjev kjolen eit meir kvardagsleg, spennande og "grovt" uttrykk, og er eit godt alternativ til vanleg ribbestrikk.

Eg ville gjerne lage meir med perlestrikk-teknikken, og då eg kom over denne oppskrifta, vart valet enkelt.

Resultatet vart ein søt, liten poncho til barn, varm og god, med både hette og knyting Ü Eg har nytta same fargar i dei to plagga (utan oransje i kjolen, eg veit), så då kan dei brukast saman, om ein ynskjer det.



De vil nok merke at eg ikkje er særleg "einsfarga" av meg. Jo fleire fargar, jo betre! Det er spennande å kombinere fargar og prøve seg fram. Og når det gjeld gåver til små prinsesser, så har eg eit mål om å ikkje berre lage ting i lyserosa. Dei får vel fort mange nok rosa klede i garderoben sin, gjer dei ikkje?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så utrolig fin kjole og poncho! Du er jo kjempeflink til å strikke!


Jeg er hjertelig enig i at de trenger litt andre farver enn rosa i garderoben sin, - de trenger jo, allerede fra de er bittesmå, å ha muligheten til å være det de vil, og det trenger ikke nødvendigvis være en prinsessse ;)

Fru Irene, ho pene sa...

Takk for kommentar, Skuggevals! :)

Ja, dei treng meir enn rosa klede. Som du seier, dei må tidleg få moglegheit til å vere det dei vil, og alle (ikkje eg, i alle fall) vil ikkje vere rosa prinsesser!

Har meir på lager... Det kjem etter kvart!

Ha ein god dag! :)