fredag, oktober 1

EIN NY KJOLE TIL EI NY PRINSESSE

Enda ei lita jente måtte få ein kjole - denne laga til ei lita prinsesse som vart fødd våren 2010. Garnet er restegarn eg fekk frå svigermor, så eg hugsar ikkje namnet.

(I framtida vil eg skrive kva type garn eg har nytta, der eg veit det. Nokre prosjekt er så gamle at eg ikkje veit - og dei fleste tinga er laga som gåver. Og gåvene har eg jo gitt bort! Ü)

Denne kjolen minnar om den andre eg viste, men mønsteret er ikkje det same. Denne fann eg i ei bok frå nøstebarn - ei bok med maaange fine mønster! Ü



Eg har tilført kjolen nokre sjølvkomponerte hekla rundingar, for å binde saman fargane, samt hekla rundt kanten på for- og bakstykket.
Her er kjolen sett bakfrå, rett og slett. 

Ein flott, liten prinsessekjole!

1 kommentar:

Line sa...

Flink du e :)